Vedtekter

§ 1 Formål

Klubben skal gjennom samarbeid og kameratskap fremja eit sunt motorsykkelmiljø innad og
utad. Klubben skal prøva å samla dei i distriktet som har interesse av motorsykkel.

§ 2 Tilslutning

Klubben skal vera tilslutta Norsk Motorsykkel Union. Nye medlemar vert innmeldt etter 1 år.

§ 3 Medlemar

Alle med førarkort for motorsykkel, som innordnar seg etter klubbens reglar kan vera
medlem. Må vere 18 år for å få nøkkel utlevert av klubben.

§ 4 Årsavgift

Styret fastset storleiken på årsavgifta. Årsavgifta skal vera innbetalt seinast 15 Januar.
Årsavgifta skal omfatte medlemskap i NMCU.

§ 5 Årsmøte

Årsmøte blir halde i januar. Årsmøte skal omhandle årsmelding, medlemsavgift, rekneskap
og val av styre. Årsmøtet er vedtaksdyktig med det antal medlemar som er møtt fram.

§ 6 Medlemsmøter

Medlemsmøter blir haldne når styret finn det naudsynt.

§ 7 Styret

Klubben blir leia av eit styre som består av leiar, kasserar, sekretær, 2 styremedlemar og
varamedlem. Leiar blir valgt kvart år medan kasserar, styremedlemar og sekretær blir valgt
annakvart år.

§ 8 Styret sitt arbeid

Leiar har ansvaret for drifta til klubben. Leiar disponerar klubbens midlar saman med
kasserar. Kasserar fører klubbens rekneskap og har ansvaret for innkreving av årsavgifta.
Sekretæren fører protokoll frå alle møter. Styret oppnemner etter behov personer for
spesielle oppgåver.

§ 11 Lovendringar

Endringer i klubbens vedtekter/reglar kan gjerast på ordinert årsmøte og krev 2/3 fleirtal.

§ 12 Oppløysing av klubben

Oppløysing av klubben kan gjerast på ordinert årsmøte med 2/3 fleirtal. Samanslutning med
andre klubbar blir ikkje rekna som oppløysing. I tilfelle oppløysing skal alle klubbens aktiva
stå på sperra konto i fem år. Viss ikkje klubben blir oppattstarta innan denne tid blir alle
klubbens aktiva overført til ungdomsarbeid i Leikanger. Dersom ein ny klubb skal få overført
midlane må dei ha drive aktivt minst eitt år, og bruka det same klubbnamnet.

Brukerkonto